Endre var fin på håret.
Her tek flyet ein loop, til ære for fotografen.
Her er me ferdige med loopen. Det gjekk bra, berre ei flyvertinne som datt ut. :)
Då me var framme i Düsseldorf etter ein ca. 2 timar long flytur skulle alle elevane bli henta av anten familen dei skulle vere utplassert i, eller i mitt og to andre sitt tilfelle; ei totalt ukjend (som om nokon kjende dei dei vart henta av) dame som var kontaktperson for Borgund der nede. Deretter skulle me bli køyrd til buplassane våra som var utanfor Münster. Turen til min vertsfamilie tok nesten 2 timar og av dei tok det heile 1,5 time til Münster. Og dette var på vegar med 100-120 km/t som fartsgrense. Inb4 Stian byrjar å syte på fartsgrensene i Noreg.
Het sitter me mens me ventar på at resten av folket (les: fagsa) skal komme og hente bagasjen sin. Dei var treige fordi dei anten var slowpoke på flyplassen eller fordi dei gjekk feil.
Frå venstre: Arne Bjørdal, Kenneth Sæther Jensen, Erling Nygård (nesten skjult), Endre Stanghelle, Min Brune Bag (MBB) og Raymond Tennøy.
Vertsfamilen min består av 4 personar (dei har ein son som har flytta ut). Herr og Fru Reckers (har ikkje lærd namnet på Herr Reckers endå, so eg kallar dei berre det), Tim og Michelle. Inntrykket hittil er at dei er særs hyggelege alle i hop. :)
Det fyrste som skjedde når eg kom dit var at eg presenterte og helste på dei. Deretter fekk eg noko å ete medan eg fortalte om kor eg budde, kvar skulen og sånt låg (dei leita fram eit kart) og snakka litt om meg sjølv. Deretter vart eg vist opp på rommet eg får bruke og rundt i huset.
Her er rommet eg skal bruke. PCen er som dykk ser allereie oppe sidan eg sakna å kommunisere på norsk og måtte skrive dette blogginnlegget.
Her er romkameraten min. Han bur under skrivepulten og likar ikkje sollys. Eg trur han er det som heiter "emo".
Eg har tatt litt bilete, men orkar ikkje å leggje dei inn og opp og fram no, so det får vere. Eg skal opp rundt kl. 7 i morgon og so startar dagen på verkstaden kl. 8:00.
EDIT: Har lagt til bilete og kommentarar. TRYKK PÅ BILETA FOR Å FÅ DEI STORE OG PENE.
EDIT2: Flytta biletet av Endre hit for å få ein ryddig blogg. Og flytta det som ikkje høyrte heime her.
kjempegøy! du e so søt! :) skriv kvar dag!
SvarSlettEj me vil være me på flyloop.
SvarSlettHe du fått noke tysk mat å spise enda? Surkål feks?