Endeleg reise heim! Etter å ha stått op kl 10 og byrja og pakka og tatt ein dusj kom Münstermann og henta meg kl 1230. Då var eg endå ikkje ferdigpakka, so eg stressa på slutten og berre heiv det resterande i kofferten.
Når me var i bilen køyrde me for å hente Tobias i Warendorf og Even på landsbygda. Etter 2 timar i bil var me frame på flyplassen i Düsseldorf. Rundt kl 17 gjekk me alle saman i samla flokk gjennom sikkerheitskontrollen utan nokon problem. På den andre sida måtte alle som skulle handle handle. Eg handla røyk til mamma. :)
Kl 19 gjekk flyet og me var på Gardermoen ca kl 21. 2145 gjekk flyet til Vigra og før den tid måtte me gjennom tollen og endå ein sikkerheitskontroll. Framleis ingen problem. Ca kl 2230 landa me på Vigra. Heime var eg ca kl 01.
Det fyrste eg gjorde når eg kom heim var å ete skiver med trønderfår medan eg drakk melk og saft og klappa katten.
Eg trur alle kan seie at det var godt å kome heim. :)
mandag 22. mars 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar