fredag 12. mars 2010

Dag 5

MERKNAD: Sidan eg har tatt nokre bilete, men ikkje so monge ventar meg med å leggje dei inn til eg har tatt fleire sidan det er so mykje styr med å overføre bileta.

INSERT MORGONRUTINE

Fyrste oppgåva på jobb var å ta ein liten service på ein VW Golf V. Dette gjorde eg fint aleine, men måtte vente ein del på luftfilteret som kom kl 10:00. Når dette var gjort og bilen var prøvekøyrd skulle eg vaske den sidan den var litt støvete.

Etter lunsj var det ikkje so mykje å gjere sidan det snart var helg, so eg vart berre gåande rundt å sjå på andre arbeiderar og rydde litt. Ein halvtime før dagen var slutt kom Frank bort og sa eg kunne ta helg, so då avslutta eg det eg heldt på med og gjekk for å vaske meg rein til helga. :)

Etter jobb var det heim igjen for å roe totalt ned etter ei hard veke med arbeid. Då eg seinare på kvelden fekk vete at nesten alle norskingane i området var ute i Warendorf vart eg litt sint sidan eg kjeda meg. Hadde eg fått vite dette før skulle eg ha spurt om nokon her kunne kjørt meg dit.
For dei som lurer so ligger Warendorf ca 20 min unna Ostbevern med bil (dette har gjort at eg har komt opp med 20 min-regelen) og har ca. like monge innbyggjerar som Ålesund.

Kvelden vart tilslutt tilbrakt med film og snop.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar