Etter enda ei god natts søvn var eg klar for enda ein dag med jobbing. Eg stod opp litt i seinaste laget, men eg rakk både frokost og jobb i tide.
Når eg kom på jobbar vart eg først sett til å hjelpe ein mekanikar med å gjennomføre ein service (skifte olje, oljefilter, luftfilter og mikrofilter) på ein Hyumdai Tuscon. Når det var gjort trengte mannen hjelp frå ein som kunne snakke tysk sa han (og i ettertid såg eg at han berre skulle lufte bremsene).
Etter det vart eg satt til å hjelpe den yngste mekanikaren på verkstden med å overhale bremser på ein VolksWagen Golf (nyaste typen, men anar ikkje kva den heiter. Spør Peter). Medan eg heldt på med dette kom ein på verkstedet bort til meg og sa eg skulle byte batteri på ein bil ei dame kom inn med. Sidan det hasta måtte eg gjere det med ein gong, so eg måtte overlate min gode partner til seg sjølv ei lita stund. Han greidde seg fint. :)
Når batteriet var bytta gjekk eg tilbake til arbeidet på bremsene. Når bremsene var ferdige og hjula på plass på begge sider bak (det var berre på bremsene bak) oppdaga min gilde kompanjong at han hadde gløymd noko, so han måtte ta av at hjulet og fikse dette. Medan han gjorde dette vart eg satt til å byte felgar på ein bil som hadde vore i ei ulykke. Dette gjekk greit sjølv om maskinene var litt annarleis enn heime i Noreg. Medan eg heldt på med dette fekk eg besøk av alle lærarane og ho som er ansvarleg for utvekslinga. Dei kom for å snakke litt om korleis det går og eg sa det som det var; Alt gjekk bra, tiltross for enkelte språkproblem. Men eg sakna å snakke norsk, so det var fint å kunne snakke det littegrann.
Etter at dei var godt igjen og alt var fryd og gammen med Golfen fekk vi inn ein ny bil, ein Fiat Nuvo Doblò som skulle på service. Akkurat i det me hadde tappa olja frå bilen tok min glade medmekanikar at han hadde matpause, so medan eg venta på mi kl 13:00 rydda eg litt i verkstaden og tenkte over at servicen kunne eg gjere på eiganhand. Når klokka vart slagen 13:00 gjekk eg til Reckers for å spise lunsj og skrive dagbok frå i går (måndag) sidan eg gløymde det.
Når eg kom tilbake etter lunsj var det fyrste som skjedde at eg hjalp min greie kamerat å vaske ein Mercedes Benz A-klasse 160 som skulle leverast tilbake til kunde (slikt kallast KUNDERSERVICE Stian. Skal me seie det saman, vil du det?). Når det var gjort var det tilbake til servicen på Fiaten. Når me kom bort såg eg at eg faktisk ikkje kunne gjennomført servicen på grunn av at me hadde fått utlevert feil oljefilter og mikrofilter. Dette var det einaste større problemet om du ser vekk ifrå at designaren av bilen hadde laga eit deksel til å ha over oljefilterinsatsen og det var meget makk og få på plass. Når alt var på plass der det høyrde heime var klokka blitt 17:15 og dagen min var over for i dag.
Når eg kom bort at til huset vart eg møtt av ein særs entusiastisk Emma som ville leike. So eg helste på ho og gjekk opp for å skifte av meg arbeidbuksa mi. Der oppdaterte eg meg litt på Rikets tilstand og fekk snakka litt med venar. Sidan tok eg ein dusj og no ser eg på Top Gear og snakkar med venar før eg skal leggje meg.
Eg har ikkje tatt nokon bilete i dag, men me får sjå kva sprell eg finner på i morgon.
Og Tor Arild: "penispenispenis" var ein beskrivelse av kontoen min her på Blogspot, som forøvreg er eldre enn denne bloggen. Men eg forandra den slik at du skulle vere nøgd. :) Eg reknar med at du synst det som står der no er meir relevant og.
Og svaret på spørsmålet frå dag 1 får dykk i morgon so dykk skal få tenkje litt på det.
tirsdag 9. mars 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar