Opp, frokost, jobb. Fast rutine.
Fyrste oppgåva på jobb var å byte motor i sentrallåsen på førardøra i ein Toyota Yaris. For å få dette til måtte eg av med sida av døra og ut med heile dørmekanismen. Når eg skulle sette det på fekk eg litt problem med skinna til vindauget. Men eg fiksa alt og vart ferdig innan bilen skulle bli henta. Og ja, den funka og.
Den neste oppgåva eg fekk var å sette på nummerskilt og byte slangar på bremsene framme på ein Fiat Punto SX. Dette vart litt problematisk då det var rusta fast og me måtte bruke flammer for å lausne skruane. Når dette var gjort og Puntoen ferdig gjekk eg for å ete lunsj. Namnam.
Etter lunsj fekk i oppgåve å ta 60'000km service på ein Opel Meriva. Dette gjekk heilt greitt. Når dette var gjort var det berre 30min til dagen var over, so eg tok å rydda litt i verkstaden.
På veg heim frå jobb stakk eg innom benser'n for å kjøpe Cola og Red Bull. Eg hadde ikkje drukke Cola på 3 veker, so eg hadde sikkert same abstinensane som ein som ikkje har røykt på 3 veker. Dette vart mine fyrste brukte kroner i Tyskland. Og det kosta berre 3,40€.
Seinare på dagen vart det tysk kebab frå gatekjøkenet i nærleiken. Kjenner det i magen no for å seie det slik. :3
torsdag 11. mars 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar