onsdag 10. mars 2010

Dag 3

Opp klokka 7 og ned for å spise frokost, jobb kl 8. Dette kan dykk no.

På jobb vart eg fyrst satt til å ta ein 60'000km service på ein Ford Fusion. Aleine. Dette gjekk bra sjølv om eg trengte litt hjelp med enkelte ting. Nokon ting var og ganske annaleis enn i Noreg. Den siste oppgåva eg vart sett til før lunsj var å legge dekk på nokon nye felgar.

Til mat fekk eg ein skinke og purreløk-pai. Den var god og sidan det vart tomt får me fint vér i morgon. :)

Tilbake på jobb måtte eg gjere meg ferdig med felgane. Den eine gløymde eg å ha ventil i, so den måtte av igjen slik at eg fekk putta inn ein ventil og klaska på att dekket. Når alle dekka var ferdige skulle eg få lov å byte bremseskiver og bremseklossar på ein Audi A1. Dette gjekk sakte då eg måtte rote mykje rundt for å finne ein sak som passa i låsemutteren. Det gjekk no til slutt og dekka kom av. Deretter gjekk det med mykje tid til å leite etter verkty. EG rakk ikkje å bli ferdig før dagen var over, so me får sjå kva som skjer i morgon.

Når eg gjekk bort att møtte eg noko langs vegen, gjett kva det var!

BILDET MED SVAR KJEM I MORGON!

Når eg kom heim igjen vart det slik at eg hadde gløymd koda til kodelåsen, so eg kom meg ikkje inn. Ikkje var det nokon som var heime heller, so eg måtte bort på bedrifta for å sjå etter Herr Reckers, men han var ute for å gjere ærend, so det vart til at dei ringte Fru Reckers, og so kom ho og låste meg inn.

Medan eg venta på ho var eg på bensinstasjonen for å samanlikne prisane der med dei norske. Det er billigare her. :)

Når eg kom meg inn helste eg på hundane og gjekk opp for å skrive dette innlegget her.

EDIT: La til modellnamn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar