mandag 22. mars 2010

Dag 14

Endeleg reise heim! Etter å ha stått op kl 10 og byrja og pakka og tatt ein dusj kom Münstermann og henta meg kl 1230. Då var eg endå ikkje ferdigpakka, so eg stressa på slutten og berre heiv det resterande i kofferten.

Når me var i bilen køyrde me for å hente Tobias i Warendorf og Even på landsbygda. Etter 2 timar i bil var me frame på flyplassen i Düsseldorf. Rundt kl 17 gjekk me alle saman i samla flokk gjennom sikkerheitskontrollen utan nokon problem. På den andre sida måtte alle som skulle handle handle. Eg handla røyk til mamma. :)

Kl 19 gjekk flyet og me var på Gardermoen ca kl 21. 2145 gjekk flyet til Vigra og før den tid måtte me gjennom tollen og endå ein sikkerheitskontroll. Framleis ingen problem. Ca kl 2230 landa me på Vigra. Heime var eg ca kl 01.

Det fyrste eg gjorde når eg kom heim var å ete skiver med trønderfår medan eg drakk melk og saft og klappa katten.

Eg trur alle kan seie at det var godt å kome heim. :)

Dag 13

LAURDAG OG SOVE LENGE!

Skjedde ikkje noko før eg for til Münster kl 15:42 (tog). Der ringte eg Arve og spurte korleis han kom seg på arrangementet seinare på kvelden. Sidan han reiste dit 30min etter at eg kom til Münster gjekk eg for å finne noko å ete. På vegen møtte eg Tobias, Patrick og Nicolay, so eg slo fylgje med dei. Dette vart ein heller vanskeleg affære so eg gjekk tilbake til hotellet og eg og Arve kjøpte oss ein Bratwurst på eit gatekjøkken.

Når me kom oss i bilen tok de oss ca 30 min å kome til destinasjonen og då var det ein time til alle dei andre kom, so det vart litt venting. Etter ca. 30min kom Tobias, Patrick og Nicolay gåande og då hadde dei gått rundt i 40min for å finne staden. Når klokka nærma seg 18 hadde det framleis ikkje kome nokon, so Arve ringte Endre og fekk vite at dei vart ein halvtime forseinka. Når klokka nærma seg 1840 kom dei endeleg, so då var det berre å vente på dei 5 siste so var me klare. rundt kl 20 kom dei. Då var eg og Arve mektig lei av å vente.

Deretter gjekk me i samla flokk inn for å starte. Aktiviteten me skulle bedrive var paintball. Det var ganske artig å spele paintball og det skjer mest sannsynleg igjen eingong eller to. Arve var awesome til det forresten.

Etter paintballen var ferdig ca kl 2220 endte eg opp på Dublin Road i Warendorf saman med Tobias, Patrick og Nicolay. Patrick og Nicolay hadde reist ifrå paintballen tidelegare enn alle andre sidan det var 18års grense på å få spele. Ganske rart med tanke på at det er 16års grense på å kjøpe øl.

Sidan me skulle reise dagen etterpå tok me tidleg kveld og eg var heime ca kl 1.

Dag 12

SISTE ARBEIDSDAG!

Starta dagen med å vakse Caddyen, igjen.
Fortsatte med å byte bremserskiver+klossar framme på ein eldre Hyndai.
Avslutta med å vaske ein eldre Opel Vectra.
Etter arbeidstida tok eg bilete av verkstaden, men orkar ikkje å leggje ut noko no.

Når eg kom heim var klokka 18, so eg satte meg for å sjå film.

Ikkje noko interessant med andre ord.

torsdag 18. mars 2010

Dag 11

HELDT PÅ Å KOME FOR SEIN PÅ JOBB! Men gjorde det ikkje. ^__^

Bytta panhardstad på ein eldre Audi (?). Driten tok liek forever å få på. :C

Schnitzel til lunsj.

Bytta til sumardekk på ein VW Polo. Bytta bremseskiver+klossar frame på venstre sida.

Heim -> dusje -> Münster på sosialkveld med lærarar og tyskerar. Fekk mat - Meir schnitzel. :3

Heim -> internett -> sove.

onsdag 17. mars 2010

Dag 10

LOLMORGON

Starta dagen med å hjelpe til på service på ein Hyundai Tuscon. Fortsatte med det same på ein Mercedes Benz E-klasse. Bytta fjøyr bake v.side på Mercedes Benz (?Same som i går). Avfallshandtering og reinhald.

tirsdag 16. mars 2010

Dag 9

MORGONLOL

Starta med å vere med på ein TüV-kontroll. Bytta hjul på ein VölksWagen (?). Fortsatte på Quattroen sidan det var nokre vanskelege flekkar her og der. Service på Mercedes Benz (?)

Fritida vart brukt til ein tur inn i byen på jakt etter postkort. Fann ingen. ._.

Dag 8

Morgon rutine

Har vore sein med denne, so har gløymd litt. :|

Fyrste oppgåva denne veka var å byte bremseskiver og klossar frame på ein Alfa Romeo eitelleranna. Når dette var gjort var det mat. Etter mat skulle eg støvsuge og vaske innsida og rutene på ein Audi (?) Quattro som var blitt selt. Dette brukte eg resten av dagen på sidan det skal gjerast skikkeleg og det var ein dyr bil.

Fritida blei brukt til chill og data og film. :3

mandag 15. mars 2010

Dag 7

L TO THE O TO THE L

Det er sundag. Verdas mest keisame dag. Dette blir nok det kortaste innlegget vil eg tru. Sove lenge, vakne opp, gå på badet for å vaske og dusje meg (lukta so grusomt røyk etter gårsdagen :(), sitte på romet heile dagen og internette og sjå film. :3

SJÅ DER JA, KORT SOM

søndag 14. mars 2010

Dag 6

LAURDAG OG AVTALT TUR TIL MÜNSTER!

Og sidan det var laurdag sov eg til kl 10. :3 Deretter gjekk eg ned for å helse på familien og hundane. Når dette var gjort tok eg ein dusj sidan eg hadde lyst. Når dusjen var ferdig venta eg på at eg skulle bli henta av ho som er ansvarleg for utvekslinga her nede. Når ho kom skulle me fyrst til Warendorf for å hente Tobais. Det gjekk greit, men det verkar som om alle tyskarar har to hundar, ein stor og ein liten.

På slaget 14:00 var me framme ved skøyte hallen i Münster. Det var godt å endeleg kunne snakke norsk med masse folk igjen. So fort me kom ut på isen vart det gøy. Sjølv har eg ikkje stått på skøyter sidan 8. klasse, og det er samtidig einaste gongen eg har stått på vanlege skøyter so dette vart interessant.


Alle gledde seg til å stå på skøyter.


Even var den som var dårlegst på skøyter. Han datt liek tusen gongar og greidde å skøyte ned den same tamilske jenta to gongar. Godt jobba med tanke på kor fullt der vart etterkvart. :)


Her tek me oss ei velfortjent pause i skøytinga.

Etter skøytinga tok me turen til Burger King i samebygget for å ete litt. Når me var ferdige å ete var det ein halvtime til me skulle fare, so eg, Even, Andreas, Tobias, Nicolay og Patrick tok turen til benser'n på andre sida av vegen. Der fann me masse rart og som dei norske turistane me er tok me bileta der og. :)


Her poserar Erling og Andreas fint forann rådhuset i Münster.


Her hengte ein biskop opp tre torturerte lik fro 400 år sidan. Still; Treng meir gore.


Dette er ein modell av den eldste delen av Münster.

Kvelden endte i Warendorf der eg, Erling og Andreas fyrst fekk oss eit betre cheeseburgermåltid på ein liten, koseleg resturant.


Kvelden endte på puben Dublin Road der me alle spelte biliard og kosa oss innerst i lokalet. Ettersom tida gjekk vart lokalet berre meir og meir røykfylt.

Kort sagt var dette den morosamaste dagen på turen so longt for meg.

fredag 12. mars 2010

Dag 5

MERKNAD: Sidan eg har tatt nokre bilete, men ikkje so monge ventar meg med å leggje dei inn til eg har tatt fleire sidan det er so mykje styr med å overføre bileta.

INSERT MORGONRUTINE

Fyrste oppgåva på jobb var å ta ein liten service på ein VW Golf V. Dette gjorde eg fint aleine, men måtte vente ein del på luftfilteret som kom kl 10:00. Når dette var gjort og bilen var prøvekøyrd skulle eg vaske den sidan den var litt støvete.

Etter lunsj var det ikkje so mykje å gjere sidan det snart var helg, so eg vart berre gåande rundt å sjå på andre arbeiderar og rydde litt. Ein halvtime før dagen var slutt kom Frank bort og sa eg kunne ta helg, so då avslutta eg det eg heldt på med og gjekk for å vaske meg rein til helga. :)

Etter jobb var det heim igjen for å roe totalt ned etter ei hard veke med arbeid. Då eg seinare på kvelden fekk vete at nesten alle norskingane i området var ute i Warendorf vart eg litt sint sidan eg kjeda meg. Hadde eg fått vite dette før skulle eg ha spurt om nokon her kunne kjørt meg dit.
For dei som lurer so ligger Warendorf ca 20 min unna Ostbevern med bil (dette har gjort at eg har komt opp med 20 min-regelen) og har ca. like monge innbyggjerar som Ålesund.

Kvelden vart tilslutt tilbrakt med film og snop.

torsdag 11. mars 2010

Dag 4

Opp, frokost, jobb. Fast rutine.

Fyrste oppgåva på jobb var å byte motor i sentrallåsen på førardøra i ein Toyota Yaris. For å få dette til måtte eg av med sida av døra og ut med heile dørmekanismen. Når eg skulle sette det på fekk eg litt problem med skinna til vindauget. Men eg fiksa alt og vart ferdig innan bilen skulle bli henta. Og ja, den funka og.

Den neste oppgåva eg fekk var å sette på nummerskilt og byte slangar på bremsene framme på ein Fiat Punto SX. Dette vart litt problematisk då det var rusta fast og me måtte bruke flammer for å lausne skruane. Når dette var gjort og Puntoen ferdig gjekk eg for å ete lunsj. Namnam.

Etter lunsj fekk i oppgåve å ta 60'000km service på ein Opel Meriva. Dette gjekk heilt greitt. Når dette var gjort var det berre 30min til dagen var over, so eg tok å rydda litt i verkstaden.

På veg heim frå jobb stakk eg innom benser'n for å kjøpe Cola og Red Bull. Eg hadde ikkje drukke Cola på 3 veker, so eg hadde sikkert same abstinensane som ein som ikkje har røykt på 3 veker. Dette vart mine fyrste brukte kroner i Tyskland. Og det kosta berre 3,40€.

Seinare på dagen vart det tysk kebab frå gatekjøkenet i nærleiken. Kjenner det i magen no for å seie det slik. :3

onsdag 10. mars 2010

Dag 3

Opp klokka 7 og ned for å spise frokost, jobb kl 8. Dette kan dykk no.

På jobb vart eg fyrst satt til å ta ein 60'000km service på ein Ford Fusion. Aleine. Dette gjekk bra sjølv om eg trengte litt hjelp med enkelte ting. Nokon ting var og ganske annaleis enn i Noreg. Den siste oppgåva eg vart sett til før lunsj var å legge dekk på nokon nye felgar.

Til mat fekk eg ein skinke og purreløk-pai. Den var god og sidan det vart tomt får me fint vér i morgon. :)

Tilbake på jobb måtte eg gjere meg ferdig med felgane. Den eine gløymde eg å ha ventil i, so den måtte av igjen slik at eg fekk putta inn ein ventil og klaska på att dekket. Når alle dekka var ferdige skulle eg få lov å byte bremseskiver og bremseklossar på ein Audi A1. Dette gjekk sakte då eg måtte rote mykje rundt for å finne ein sak som passa i låsemutteren. Det gjekk no til slutt og dekka kom av. Deretter gjekk det med mykje tid til å leite etter verkty. EG rakk ikkje å bli ferdig før dagen var over, so me får sjå kva som skjer i morgon.

Når eg gjekk bort att møtte eg noko langs vegen, gjett kva det var!

BILDET MED SVAR KJEM I MORGON!

Når eg kom heim igjen vart det slik at eg hadde gløymd koda til kodelåsen, so eg kom meg ikkje inn. Ikkje var det nokon som var heime heller, so eg måtte bort på bedrifta for å sjå etter Herr Reckers, men han var ute for å gjere ærend, so det vart til at dei ringte Fru Reckers, og so kom ho og låste meg inn.

Medan eg venta på ho var eg på bensinstasjonen for å samanlikne prisane der med dei norske. Det er billigare her. :)

Når eg kom meg inn helste eg på hundane og gjekk opp for å skrive dette innlegget her.

EDIT: La til modellnamn.

tirsdag 9. mars 2010

Dag 2

Etter enda ei god natts søvn var eg klar for enda ein dag med jobbing. Eg stod opp litt i seinaste laget, men eg rakk både frokost og jobb i tide.

Når eg kom på jobbar vart eg først sett til å hjelpe ein mekanikar med å gjennomføre ein service (skifte olje, oljefilter, luftfilter og mikrofilter) på ein Hyumdai Tuscon. Når det var gjort trengte mannen hjelp frå ein som kunne snakke tysk sa han (og i ettertid såg eg at han berre skulle lufte bremsene).

Etter det vart eg satt til å hjelpe den yngste mekanikaren på verkstden med å overhale bremser på ein VolksWagen Golf (nyaste typen, men anar ikkje kva den heiter. Spør Peter). Medan eg heldt på med dette kom ein på verkstedet bort til meg og sa eg skulle byte batteri på ein bil ei dame kom inn med. Sidan det hasta måtte eg gjere det med ein gong, so eg måtte overlate min gode partner til seg sjølv ei lita stund. Han greidde seg fint. :)

Når batteriet var bytta gjekk eg tilbake til arbeidet på bremsene. Når bremsene var ferdige og hjula på plass på begge sider bak (det var berre på bremsene bak) oppdaga min gilde kompanjong at han hadde gløymd noko, so han måtte ta av at hjulet og fikse dette. Medan han gjorde dette vart eg satt til å byte felgar på ein bil som hadde vore i ei ulykke. Dette gjekk greit sjølv om maskinene var litt annarleis enn heime i Noreg. Medan eg heldt på med dette fekk eg besøk av alle lærarane og ho som er ansvarleg for utvekslinga. Dei kom for å snakke litt om korleis det går og eg sa det som det var; Alt gjekk bra, tiltross for enkelte språkproblem. Men eg sakna å snakke norsk, so det var fint å kunne snakke det littegrann.

Etter at dei var godt igjen og alt var fryd og gammen med Golfen fekk vi inn ein ny bil, ein Fiat Nuvo Doblò som skulle på service. Akkurat i det me hadde tappa olja frå bilen tok min glade medmekanikar at han hadde matpause, so medan eg venta på mi kl 13:00 rydda eg litt i verkstaden og tenkte over at servicen kunne eg gjere på eiganhand. Når klokka vart slagen 13:00 gjekk eg til Reckers for å spise lunsj og skrive dagbok frå i går (måndag) sidan eg gløymde det.

Når eg kom tilbake etter lunsj var det fyrste som skjedde at eg hjalp min greie kamerat å vaske ein Mercedes Benz A-klasse 160 som skulle leverast tilbake til kunde (slikt kallast KUNDERSERVICE Stian. Skal me seie det saman, vil du det?). Når det var gjort var det tilbake til servicen på Fiaten. Når me kom bort såg eg at eg faktisk ikkje kunne gjennomført servicen på grunn av at me hadde fått utlevert feil oljefilter og mikrofilter. Dette var det einaste større problemet om du ser vekk ifrå at designaren av bilen hadde laga eit deksel til å ha over oljefilterinsatsen og det var meget makk og få på plass. Når alt var på plass der det høyrde heime var klokka blitt 17:15 og dagen min var over for i dag.

Når eg kom bort at til huset vart eg møtt av ein særs entusiastisk Emma som ville leike. So eg helste på ho og gjekk opp for å skifte av meg arbeidbuksa mi. Der oppdaterte eg meg litt på Rikets tilstand og fekk snakka litt med venar. Sidan tok eg ein dusj og no ser eg på Top Gear og snakkar med venar før eg skal leggje meg.

Eg har ikkje tatt nokon bilete i dag, men me får sjå kva sprell eg finner på i morgon.

Og Tor Arild: "penispenispenis" var ein beskrivelse av kontoen min her på Blogspot, som forøvreg er eldre enn denne bloggen. Men eg forandra den slik at du skulle vere nøgd. :) Eg reknar med at du synst det som står der no er meir relevant og.

Og svaret på spørsmålet frå dag 1 får dykk i morgon so dykk skal få tenkje litt på det.

Dag 1

Dette var dagen for å møte opp og arbeide litt. :)


Dagen min starta med at eg sto opp kl 7:00, gjorde meg klar og gjekk ned for å ete frokost. Frokosten var godnamnam. Deretter gjekk eg og Herr Reckers til staden eg skal vere utplassert. Staden eg er utplassert er rett ved der eg bur, so eg går dit på ein 2-3 minutt. :)
Arbeidsdagen startar kl. 8:00 for meg har Herr Reckers avtalt slik at eg får ete frokost med dei.

Fyrsteinntrykket av arbeidsplassen var bra. Der var ryddig, folka var hyggelige og alt var berre fryd og gammen.
Det fyrste som skjedde når eg kom dit var at eg møtt han som skal passe på meg. Frank heitar han. Deretter viste han meg rundt i verkstaden og slikt. Allereie den fyrste dagen fekk eg arbeide for meg sjølv. Eg vart satt til å byte startar på ein *BIL*.


Eg arbeidar hardt. :)

Arbeidstidene i Tyskland er ganske annaleis enn i Noreg. Det hender folk kjem kl. 7 og fér heim 8-9 timar seinare. For meg er det i allefall slik at eg kjem kl 8:00 og jobbar til kl. 13:00. So tek eg lunsjpause i ein time før eg går tilbake kl. 14:00 og jobbar til kl 17:00


No står eg utanfor arbeidsplassen. Der borte med bensinstasjonskiltet bur eg.

SPØRSMÅL: KVA BILTYPE BYTTA EG STARTAR PÅ?

søndag 7. mars 2010

Reise og møte med vertsfamilie

I dag reiste me altso til Tyskland. Oppmøte var 13:00 på Vigra. Flyet vårt vart 30 min. forseinka so det tok av ca. 14:40 i staden for 14:25 som var den opprinnelege tida. Vel framme i Oslo var det 30 min. til flyet til Düsseldorf gjekk. Då skulle me gå frå eine enden av hallen til Gate 38. :3


Endre var fin på håret.



Her tek flyet ein loop, til ære for fotografen.


















Her er me ferdige med loopen. Det gjekk bra, berre ei flyvertinne som datt ut. :)

Då me var framme i Düsseldorf etter ein ca. 2 timar long flytur skulle alle elevane bli henta av anten familen dei skulle vere utplassert i, eller i mitt og to andre sitt tilfelle; ei totalt ukjend (som om nokon kjende dei dei vart henta av) dame som var kontaktperson for Borgund der nede. Deretter skulle me bli køyrd til buplassane våra som var utanfor Münster. Turen til min vertsfamilie tok nesten 2 timar og av dei tok det heile 1,5 time til Münster. Og dette var på vegar med 100-120 km/t som fartsgrense. Inb4 Stian byrjar å syte på fartsgrensene i Noreg.


Het sitter me mens me ventar på at resten av folket (les: fagsa) skal komme og hente bagasjen sin. Dei var treige fordi dei anten var slowpoke på flyplassen eller fordi dei gjekk feil.
Frå venstre: Arne Bjørdal, Kenneth Sæther Jensen, Erling Nygård (nesten skjult), Endre Stanghelle, Min Brune Bag (MBB) og Raymond Tennøy.

Vertsfamilen min består av 4 personar (dei har ein son som har flytta ut). Herr og Fru Reckers (har ikkje lærd namnet på Herr Reckers endå, so eg kallar dei berre det), Tim og Michelle. Inntrykket hittil er at dei er særs hyggelege alle i hop. :)

Det fyrste som skjedde når eg kom dit var at eg presenterte og helste på dei. Deretter fekk eg noko å ete medan eg fortalte om kor eg budde, kvar skulen og sånt låg (dei leita fram eit kart) og snakka litt om meg sjølv. Deretter vart eg vist opp på rommet eg får bruke og rundt i huset.


Her er rommet eg skal bruke. PCen er som dykk ser allereie oppe sidan eg sakna å kommunisere på norsk og måtte skrive dette blogginnlegget.


Her er romkameraten min. Han bur under skrivepulten og likar ikkje sollys. Eg trur han er det som heiter "emo".

Eg har tatt litt bilete, men orkar ikkje å leggje dei inn og opp og fram no, so det får vere. Eg skal opp rundt kl. 7 i morgon og so startar dagen på verkstaden kl. 8:00.


EDIT: Har lagt til bilete og kommentarar. TRYKK PÅ BILETA FOR Å FÅ DEI STORE OG PENE.
EDIT2: Flytta biletet av Endre hit for å få ein ryddig blogg. Og flytta det som ikkje høyrte heime her.

fredag 5. mars 2010

Før turen

Dette innlegget vil vere litt informasjon før turen.

Eg skal no i to veker, 7. til 21. mars, vere i utplassert i ei bedrift i Tyskland i samheng med skulen. Dette var noko ein kunne søke seg til og krava for å få reise var i fyrste rekke god oppførsel, god orden og lite fråvér. I andre rekke kom karakterar. Frå køyretyavdelinga er det eg og Raymond Tennøy som er so heldige at me får reise.

Sidan reise og opphald er betalt av skulen og me reisar som skulen (og Noreg) sine representantar har me underskreve ei kontrakt på at me ikkje vil nytte noko rus medan me er i Tyskland. Eit brot av denne kontrakta vil føre til at ein må betalte tilbake alt til skulen samtidig som ein blir sendt heim for eiga rekning.

I Tyskland skal me vere utplassert på ein verkstad. Verkstaden eg skal vere utplassert på heiter Hugo Schapmann og ligger ca. 20 minutt nord-aust for Münster.
Medan eg er der skal eg bu hos ein familie som er nabo til verkstaden, so vegen til jobb blir den kortaste for meg nokon sinne.

Opprinneleg skulle eg bu med Raymond og ein annan elev i eit guesthouse syd-vest for Münster, men sidan den tyske lærlingen eg var para opp med ikkje kunne vart dette forandra for meg.

Staden me skal reise til er Münster i det nord-vestlige Tyskland. Informasjon om Münster har eg ein link til i slutten av innlegget.

Avreise er på sundag og eg både gledar og gruar meg. Å bu to veker hos ein totalt ukjend familie vil bli ei spanande oppleving.

Og om nokon i klassa eller nokon andre elevar leser dette skal eg likevel gjere ein ting klart. Eg slepp ikkje unna skulearbeidet. Eg må likevel gjere skulearbeid og når eg kjem tilbake vil eg måtte gjennomføre prøver dykk har hatt medan eg har vore borte.

Nokon linkar:
Om Münster på Wikipedia - http://no.wikipedia.org/wiki/M%C3%BCnster/
Verkstaden eg skal vere på - http://schapmann.go1a.de/