mandag 22. mars 2010

Dag 13

LAURDAG OG SOVE LENGE!

Skjedde ikkje noko før eg for til Münster kl 15:42 (tog). Der ringte eg Arve og spurte korleis han kom seg på arrangementet seinare på kvelden. Sidan han reiste dit 30min etter at eg kom til Münster gjekk eg for å finne noko å ete. På vegen møtte eg Tobias, Patrick og Nicolay, so eg slo fylgje med dei. Dette vart ein heller vanskeleg affære so eg gjekk tilbake til hotellet og eg og Arve kjøpte oss ein Bratwurst på eit gatekjøkken.

Når me kom oss i bilen tok de oss ca 30 min å kome til destinasjonen og då var det ein time til alle dei andre kom, so det vart litt venting. Etter ca. 30min kom Tobias, Patrick og Nicolay gåande og då hadde dei gått rundt i 40min for å finne staden. Når klokka nærma seg 18 hadde det framleis ikkje kome nokon, so Arve ringte Endre og fekk vite at dei vart ein halvtime forseinka. Når klokka nærma seg 1840 kom dei endeleg, so då var det berre å vente på dei 5 siste so var me klare. rundt kl 20 kom dei. Då var eg og Arve mektig lei av å vente.

Deretter gjekk me i samla flokk inn for å starte. Aktiviteten me skulle bedrive var paintball. Det var ganske artig å spele paintball og det skjer mest sannsynleg igjen eingong eller to. Arve var awesome til det forresten.

Etter paintballen var ferdig ca kl 2220 endte eg opp på Dublin Road i Warendorf saman med Tobias, Patrick og Nicolay. Patrick og Nicolay hadde reist ifrå paintballen tidelegare enn alle andre sidan det var 18års grense på å få spele. Ganske rart med tanke på at det er 16års grense på å kjøpe øl.

Sidan me skulle reise dagen etterpå tok me tidleg kveld og eg var heime ca kl 1.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar