søndag 14. mars 2010

Dag 6

LAURDAG OG AVTALT TUR TIL MÜNSTER!

Og sidan det var laurdag sov eg til kl 10. :3 Deretter gjekk eg ned for å helse på familien og hundane. Når dette var gjort tok eg ein dusj sidan eg hadde lyst. Når dusjen var ferdig venta eg på at eg skulle bli henta av ho som er ansvarleg for utvekslinga her nede. Når ho kom skulle me fyrst til Warendorf for å hente Tobais. Det gjekk greit, men det verkar som om alle tyskarar har to hundar, ein stor og ein liten.

På slaget 14:00 var me framme ved skøyte hallen i Münster. Det var godt å endeleg kunne snakke norsk med masse folk igjen. So fort me kom ut på isen vart det gøy. Sjølv har eg ikkje stått på skøyter sidan 8. klasse, og det er samtidig einaste gongen eg har stått på vanlege skøyter so dette vart interessant.


Alle gledde seg til å stå på skøyter.


Even var den som var dårlegst på skøyter. Han datt liek tusen gongar og greidde å skøyte ned den same tamilske jenta to gongar. Godt jobba med tanke på kor fullt der vart etterkvart. :)


Her tek me oss ei velfortjent pause i skøytinga.

Etter skøytinga tok me turen til Burger King i samebygget for å ete litt. Når me var ferdige å ete var det ein halvtime til me skulle fare, so eg, Even, Andreas, Tobias, Nicolay og Patrick tok turen til benser'n på andre sida av vegen. Der fann me masse rart og som dei norske turistane me er tok me bileta der og. :)


Her poserar Erling og Andreas fint forann rådhuset i Münster.


Her hengte ein biskop opp tre torturerte lik fro 400 år sidan. Still; Treng meir gore.


Dette er ein modell av den eldste delen av Münster.

Kvelden endte i Warendorf der eg, Erling og Andreas fyrst fekk oss eit betre cheeseburgermåltid på ein liten, koseleg resturant.


Kvelden endte på puben Dublin Road der me alle spelte biliard og kosa oss innerst i lokalet. Ettersom tida gjekk vart lokalet berre meir og meir røykfylt.

Kort sagt var dette den morosamaste dagen på turen so longt for meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar