Dette innlegget vil vere litt informasjon før turen.
Eg skal no i to veker, 7. til 21. mars, vere i utplassert i ei bedrift i Tyskland i samheng med skulen. Dette var noko ein kunne søke seg til og krava for å få reise var i fyrste rekke god oppførsel, god orden og lite fråvér. I andre rekke kom karakterar. Frå køyretyavdelinga er det eg og Raymond Tennøy som er so heldige at me får reise.
Sidan reise og opphald er betalt av skulen og me reisar som skulen (og Noreg) sine representantar har me underskreve ei kontrakt på at me ikkje vil nytte noko rus medan me er i Tyskland. Eit brot av denne kontrakta vil føre til at ein må betalte tilbake alt til skulen samtidig som ein blir sendt heim for eiga rekning.
I Tyskland skal me vere utplassert på ein verkstad. Verkstaden eg skal vere utplassert på heiter Hugo Schapmann og ligger ca. 20 minutt nord-aust for Münster.
Medan eg er der skal eg bu hos ein familie som er nabo til verkstaden, so vegen til jobb blir den kortaste for meg nokon sinne.
Opprinneleg skulle eg bu med Raymond og ein annan elev i eit guesthouse syd-vest for Münster, men sidan den tyske lærlingen eg var para opp med ikkje kunne vart dette forandra for meg.
Staden me skal reise til er Münster i det nord-vestlige Tyskland. Informasjon om Münster har eg ein link til i slutten av innlegget.
Avreise er på sundag og eg både gledar og gruar meg. Å bu to veker hos ein totalt ukjend familie vil bli ei spanande oppleving.
Og om nokon i klassa eller nokon andre elevar leser dette skal eg likevel gjere ein ting klart. Eg slepp ikkje unna skulearbeidet. Eg må likevel gjere skulearbeid og når eg kjem tilbake vil eg måtte gjennomføre prøver dykk har hatt medan eg har vore borte.
Nokon linkar:
Om Münster på Wikipedia - http://no.wikipedia.org/wiki/M%C3%BCnster/
Verkstaden eg skal vere på - http://schapmann.go1a.de/
fredag 5. mars 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar