Dagen min starta med at eg sto opp kl 7:00, gjorde meg klar og gjekk ned for å ete frokost. Frokosten var godnamnam. Deretter gjekk eg og Herr Reckers til staden eg skal vere utplassert. Staden eg er utplassert er rett ved der eg bur, so eg går dit på ein 2-3 minutt. :)
Arbeidsdagen startar kl. 8:00 for meg har Herr Reckers avtalt slik at eg får ete frokost med dei.
Fyrsteinntrykket av arbeidsplassen var bra. Der var ryddig, folka var hyggelige og alt var berre fryd og gammen.
Det fyrste som skjedde når eg kom dit var at eg møtt han som skal passe på meg. Frank heitar han. Deretter viste han meg rundt i verkstaden og slikt. Allereie den fyrste dagen fekk eg arbeide for meg sjølv. Eg vart satt til å byte startar på ein *BIL*.
Eg arbeidar hardt. :)
Arbeidstidene i Tyskland er ganske annaleis enn i Noreg. Det hender folk kjem kl. 7 og fér heim 8-9 timar seinare. For meg er det i allefall slik at eg kjem kl 8:00 og jobbar til kl. 13:00. So tek eg lunsjpause i ein time før eg går tilbake kl. 14:00 og jobbar til kl 17:00
No står eg utanfor arbeidsplassen. Der borte med bensinstasjonskiltet bur eg.
SPØRSMÅL: KVA BILTYPE BYTTA EG STARTAR PÅ?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar